BØMLO KOMMUNE

UNDER REVISJON

4. DET RØDE KORS BØMLO KAN HJELPA KOMMUNEN MED


Med utgangspunkt i kommunen si ROS-analyse kan fyljande oppgåver eller støtte vera aktuelle for Røde Kors.  Her finn du kommunen si ROS analyse 2013.

Mål for arbeidet


lsetjinga for ROS-arbeidet tar utgangspunkt i DSB sitt rettleiingsdokument, med små

justeringar i arbeidsgruppa.

Målsetjingane er:


Å skapa eit heilskapleg risikobilete av Bømlo som geografisk område


Å avdekka risiko knytt både til hendingar og arealbruk


Å fungera som eit verktøy for kommunale og statlege saksbehandlarar, då spesielt

knytt til samfunnstryggleik og arealplanlegging


Å peika på manglande eller mangelfull tryggleik, koma med framlegg til tiltak og

plassera oppfølgingsansvaret

Å redusera samla risiko for Bømlo kommune som lokalsamfunn
Bømlo kommune har lagt fyljande definisjonar til grunn for sin ROS-analyse. 

Risiko: 
Funksjonen av sannsynlegheita (frekvensen) for uønska hendingar og konsekvensane av desse. Ein opererer i analysa med følgjande graderingar av risiko:

  1. Uakseptabel risiko: For slike hendingar må det setjast i verk førebyggande tiltak eller beredskapen må aukast. Dette gjeld t.d. tilfelle der ei svært sannsynleg hending vil få katastrofale konsekvensar.
  2. Akseptabel, men høg risiko: Tilhøvet mellom nytte og kostnad må her avgjera kor vidt kommunen bør satsa på nye tiltak. Eit døme vil vera tilfelle der ei sannsynleg hending vil medføra kritiske/farlege hendingar.
  3. Akseptabel risiko: Det vil her utifrå eit sårbarheitssynspunkt ikkje vera naudsynt å satsa ytterlegare på desse områda. Dette vil t.d. vera mindre sannsynlege hendingar som vil vera ufarlege eller medføra ein viss fare.
Sårbarheit: 
Uttrykk for lokalsamfunnet si evne til å fungera og oppnå sine mål under uføresette hendingar.
Årsaksreduserande tiltak: Mottiltak kan delast opp i førebyggande tiltak og skadeavgrensande/avbøtande tiltak. Årsaksreduserande tiltak er eit førebyggande tiltak som alt eksisterer, t.d. internkontroll og/eller etablerte vedlikehalds- og kontrollrutinar. Konsekvensreduserande tiltak: Skadeavgrensande tiltak, t.d. eksisterande beredskap i brannvesen og HV.

Sannsynlegheit:
Kor ofte ei hending kan forventast å innetreffe. I analysane er det nytta slik gradering:


OmgrepFrekvens
Lite sannsynlegMindre enn ein gong kvart 50. år
Mindre sannsynlegMellom ein gong kvart 10. år og ein gong kvart 50. år
SannsynlegMellom ein gong kvart år og ein gong kvart 10. år
Svært sannsynlegMeir enn ein gong kvart år

Ein kan lesa meir om dette her:
”Risiko- og Sårbarheitsanalyse for Bomlo kommune” og ”Risiko og sårbarheits analyse som grunnlag for Helseberedskapsplanen tilBømlo kommune”
som ein finn på her.

Naturkatastrofar slik som:
  1. Snøskred som rammar personar. (Lite sannsynleg på Bømlo).
  2. Jord- og/eller steinskred
  3. Store nedbørsmengder 
  4. Storm
  5. Ekstremt høg vasstand / Flaum / Dambrot
Røde kors kan her hjelpa til med:
  • Ettersøking etter sakna
  • Sanitetsteneste
  • Omsorg for skade og pårørande
  • Etablera og drifte samleplass og ambulansekontrollpunkt (AKP)
  • Innkvarteting og evakuering
  • Forsyningar til personar med behov (eldre og uføre)
  • Skadebegrensing
  • Beverting
  • Pass av born, der ein eller begge foreldra er med i aksjonen

Personskade innan kommunikasjon/transport
  1. Trafikkulukke med mange skadde (buss)
  2. Havari, brann på ferje eller båt
  3. Havari med luftfartøy
  4. Tunnelulukke - kollisjon vogntog/buss, eller fleire mindre køyretøy.
Røde kors kan her hjelpa til med:
  • Sanitetsteneste
  • Omsorg for skadde og pårørande
  • Etablera og drifte samleplass og ambulansekontrollpunkt (AKP)
  • Beverting
  • Trafikkdirigering
  • Informasjon til trafikantar
  • Transportteneste
  • Hjelpa til ved eventuell evakuering, sanitetsteneste
  • Pass av born, der ein eller begge foreldra er med i aksjonen

Skade på infrastruktur
  1. Langvarig svikt i straumforsyning
  2. Svikt i vassforsyning
  3. Brot på transportnettet, vegar, bruer
  4. Brot på telesamband
Røde kors kan her hjelpa til med:
  • Koking og distribuering av vatn
  • Omsorg for sjuke
  • Personell og bilar
  • Transportteneste
  • Hjelpa til med sambandsutstyr
  • Ordonnansteneste
  • Pass av born, der ein eller begge foreldra er med i aksjonen

Større branntilfelle
  1. Brann i sjukeheim/ institusjonar / eldresenter og dei private overnattingsverksemdene
  2. Brann i kyrkjer/forsamlingslokale/kjøpesenter
  3. Brann i eldre tett busetnad
  4. Brann i skular, fleirbruksbygg, barnehagar
  5. Større skog- og utmarksbrann
Røde kors kan her hjelpa til med:
  • Sanitetsteneste
  • Evakuering
  • Omsorg for skade og pårørande
  • Etablera og drifte samleplass og ambulansekontrollpunkt (AKP)
  • Beverting
  • Trafikkdirigering
  • Transportteneste
  • Pass av born, der ein eller begge foreldra er med i aksjonen

Forureining og utslepp
  1. Forureining med gass/væske
  2. Forureining av vassdrag, fjorden
Røde kors kan her hjelpa til med:
  • Sanitetsteneste
  • Evakuering
  • Omsorg for skade og pårørande
  • Pass av born, der ein eller begge foreldra er med i aksjonen

Den offentlege redningstenesta
Røde Kors er ein viktig aktør for den offentlege redningstenesta, då spesielt Hjelpekorpsa. Kva dei kan hjelpa til med, sjå beredskapsplanen til korpset.

Hjelpekorpset kan stille med fylgjande for redningstenesta:
  • Personell for leite- og redningsoppdrag
  • Spesialmannskap for bratt og glatt
  • Sambandsutstyr
  • Drifte samleplass
  • Utføre redningsoppdrag og ettersøking etter oppdrag frå politiet
  • Øving i redning- og leiteaksjonar, aller helst i samarbeid med det offentlege og/eller andre organisasjonar
Lokalforeninga / Omsorg v/Besøkstenesta kan stilla med fyljande for redningstenesta.
  • Pass av born, der ein eller begge foreldra er med i aksjonen
  • Omsorg for skade og pårørande

Pandemi
Kva er pandemisk influensa?
Pandemisk influensa er ein sjukdom som kjem frå eit heilt nytt influensavirus som få er motstandsdyktige mot, og som smittar lett mellom menneske. Sjukdommen spreier seg raskt over heile verda og blir kalla ein pandemi. Pandemisk influensa oppstår med nokre tiårs mellomrom, men vi kan ikkje seie på førehand når det kjem til å skje. I førre hundreår var det tre influensapandemiar: spanskesjuka (1918–1919), asiasjuka (1957–1958) og hongkongsjuka (1969–1970). 

I ”Risiko og sårbarheits analyse som grunnlag for Helseberedskapsplanen til Bømlo kommune” står det: 
”Influensa er ein årleg tilbakevendande infeksjonssjukdom som rammar svært mange menneskjer. Det er ein betydeleg årsak til akutt sjukdom, og mange av utbrota gjev ein markant overdødelegheit i befolkninga. I sjeldne tilfeller vil ein influensaepidemi få eit så stort omfagn at vi kallar dei pandemi. Den vil gje høg dødlegheit og sjuklegheit. Helsedepartementet har eigen nasjonal plan for pandemisk influensa (rev.utgåve juli 03). Denne planen gjev råd om kommunale planer / tiltak.”
-----
”Få oversikt over og kontakte lokale frivillige organisasjonar, eventuelt offentlige (Sivilforsvaret) som kan hjelpe til med pleie og stell av sjuke.” 

Ut ifrå dette kan Røde Kors få i oppdrag med pleie og stell av sjuke, eller andre oppgåve i samband med ein pandemi. Her vil vi måtte jobb ut ifrå direktiv frå smittevern legen i kommunen. 

Viktig: 
Røde Kors skal berre ha ei rolle i forhold til fugleinfluensa dersom den utviklar seg til å bli ein pandemi. 
Røde Kors er altså ikkje ein del av beredskapen i forhold til influensa hos fuglar/dyr, eller om menneskjer smittes av dyr. Den beredskapsplanen Røde Kors er ein del av gjelder i tilfelle viruset begynner å smitte frå menneskje til menneskje og ein pandemi bryt ut.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar